|
Trygdeoppgjeret vedteke av Stortinget |
|
|
|
|
Skrevet av Administrator
|
|
onsdag 23. juni 2010 00:00 |
|
Trygdeoppgjeret per 1. mai 2010 er vedteke av Stortinget, fortel Pensjonsutvalet i LOP. Etter framlegg frå regjeringa har Stortinget vedteke at grunnbeløpet, G, blir auka frå 72.881 kr til 75.641 kr frå 1. mai, det vil seie med 3,79 prosent. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,77 prosent frå 2009 til 2010. Pensjonane til einslege minstepensjonistar aukar då med 7.704 kr til 151.272 kr per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen medd 14.592 kr til 279.864 kr per år.
Organisasjonane hadde ein protokolltilførsel der dei viser til at grunnlaget for trygdeoppgjeret i 2009 blei endra i rapporten frå Teknisk beregningsutval (TBU) (NOU 2010:4). Endringa ville, om tala hadde vore kjende ved oppgjeret i 2009, gitt 0,3 prosentpoeng høgare regulering av grunnbeløpet. Organisasjonane føreset at regjeringa legg til rette for at det i framtida blir lagt til grunn dokumentert lønsutvikling utan omsyn til når tala blir offentlege. |
|
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 3 av 16 |