LOP – pensjonistar med ”Bitihorn” på Bygdin

Å planleggje tur på Bygdin fleire månader i førevegen, og turen skal vera i september, kan vera meir enn spanande. Såleis kjende ein seg mest bønnhøyrd da 48 LOP – pensjonistar frå Gudbrandsdalen kappskein med sola på bryggja ved Bygdin. Ikkje ein vindgust rørde ved vassflata, og stillongsen kunne like godt vore att heime.Temperaturen minte meir om sommar enn haust.

alt

Alle steig såleis om bord i ”Bitihorn”, sikre på at dette ville bli ein særs flott dag i Jotunheimen. Dei fleste fann seg plass på dekk for å nyte synet av fjella etterkvart som vi passerte, fann fram kartet og fekk namn på dei høgste toppane, eller såg att ein stig dei hadde gått for lenge, lenge sidan. Elles var det berre å nyte all den vakre og mektige naturen.

På bryggja ved Eidsbugarden vart vi møtte av vertinna på DNT – hytta Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen. Ho fortalde frå livet til Aasmund Olavsson Vinje, i medgang og motgang. Det heldt ho fram med inne i Vinjestova (eller garden som Vinje sjøl likte å seia); om strevet med å få sett opp stova, om hans elsk til Jotunheimen og vandring i fjellet, alle namna han sette på  naturen rundt Bygdin. Ei stuttvarig lykke fekk Vinje oppleva da han gifta seg og vart far til ein gut. Men mora døydde i barsel, og Vinje evna ikkje å ta seg av sonen, som heller ikkje fekk eit langt liv.

Da helsa til Vinje skranta, hadde han sett seg føre å ”enno ein gong” koma til fjells, men kom ikkje lenger enn til vener på Gran. Der ligg han gravlagd ved Systerkyrkjene.

Stunda i Vinjestova var eit høgdepunkt denne dagen!

Under lunsjen fekk vi og innslag av Vinjestoff i det Terje Lindby las diktet ”Lenda frå Land”.

Solbjørg song ei fjellvise.

Gode og mette av vellaga stuttreist  mat og minnerike opplevingar gjekk vi om bord i ”Bitihorn” for å bli frakta attende til utgangspunktet. Herifrå for alle kvar til sitt, sume ned gjennom Sjodalen og andre Jotunheimvegen. Felles for alle var at dei var vel tilfredse med dagen .At den vart så vellykka takkar vi turkomite og vergud for, og ikkje minst vertinna på Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen.

Fekk du lyst til å bli medlem i LOP avd. Gudbrandsdal, så er det berre å ta kontakt.

Reidunn Snerle, sekretær

alt

alt

alt

alt

 

@